Veka fyller 40 år i februar 2025.

Ein skikkeleg jubileumsfest med tettpakka program

Om knappe to månadar er det duka for VEKA, Voldas heilt eigne studentfestival, av og med studentar. Tradisjonen tru vil bygda bli pakka med liv og røre frå morgon til kveld. Og ikkje nok med det. Veka har jubileum, og fyller heile 40 år!

Publisert

Med førti lys på kaka, blir både nytt og gammalt, samla til tidenes folkefest frå 7. til 16. februar. Det vil gå føre seg på Rokken, og mange andre stader i Volda. 

Heile 40 år har passert, og lista er lang med celebre namn som har vært innom. Kanskje landets beste rappar, Lars Vaular. Mammas favoritt, Jan Eggum, og mange andre som ein skulle tru var alt for store til å prioritere vesle Volda. Det blir konsertar. God stemning. Mange øl og høg kjendisfaktor.

- Veka 25 skal vere dritfeitt! Ein skikkeleg jubileumsfest med tettpakka program, kor vi skal involvere heile bygda. Store som små. Det skal bli mykje aktivitetar og ein kjempemorosam revy!

Det seier den ferske festivalsjefen, Thilde Thomasgård.

Erfaren festivalsjef

Thilde Thomasgård er festivalsjef for Veka 2025.

Ho er kanskje fersk som festivalsjef, men ikkje som frivillig under Veka:

- Eg kom hit i 21, så 22 var min første gong på Veka. I 23 var eg scenesjef. I 24 var eg baransvarleg. Og for Veka 25 er eg festivalsjef.

Litt av eit rulleblad kan ein tenkje. Men ho har meir i bagasjen. Ho er det ein kan kalle ein «festivalpamp». Ho har jobba på Moldejazz sidan barnsbein, og det same gjeld for Molde ølfestival. Ho er usikker på om det er det sjuande eller åttande året ho no tel. Ho drøymar om å jobbe med kulturliv når ho er ferdig som student. Men først skal ho vere festivalsjef under Veka. Bak det ligg det ein stor jobb med å mobilisere ein heil del frivillige til å vere med og dra lasset.

- Frivilligheit for meg er alt. Det er limet i studentbygda. Det er ildsjeler. Det er det og prøve ut nye ting. Lære og erfare, og skape noe sammen. Det er gull verdt.

Født sånn eller blitt sånn? Ho ser ikkje ut til å ha fått varige men vertfall.

Under Veka blir det et tettpakka program med ulike aktiviteter.

Ein smakebit på Veka 25 

Fredag 30. november lanserast programmet, med ein eigen Sleppfest på Rokken. Inntil vidare må ein berre smøre seg med tolmod. På spørsmål om korleis Veka 25 vil sjå ut, svarar festivalsjefen:

- Veka blir 40-år - det er jubileum! Eg kan seie det blir fleire konkurransar, meir program om dagen, og kule konsertar. Fleire aktivitetar og meir dagsprogram. Det blir ei kortare veke, men det blir fleire samarbeidspartnarar enn på lenge. Det kjem til å vere fokus på alkoholfrie arrangement, for å inkludere fleire til å vere med på festen. Du kjem til og sjå veka i heile bygda.

Powered by Labrador CMS