
Dramastudentane som forsvann
Johannes Falla (21) er ein av få på Høgskulen som studerar skodespel og scenekunst. I fjor sommar var dei fire studentar i første klasse, no er dei berre to igjen. Om han vel å fortsette draumen her, gjenstår å sjå.

– Dette er ei linje der ein byr mykje på seg sjølv. Når du går skodespel og scenekunst finn du verkeleg ut kven du er som menneske. Vi har lærarar som graver djupt i oss og utfordrar oss på ting utfor komfortsona, det ein før trudde ein ikkje klarte.
Til tross for gode opplevingar på studiet har mangelen på studentar bydd på utfordringar.
– Det er litt demotiverande å miste studentar i første semester, spesielt når ein er eit teater som baserer seg på at ein er fleire som jobbar tett saman. Då er det ein fordel å vere mange.
Sjølv kjem Johannes frå Trondheim og fortel om eit kulturliv under vekst. Han synes det er viktig å framme kulturlivet rundt heile Noreg. Slik det er i dag er det få som vel å flytte til distrikta for å studere.
– Eg trur det har noko med at distrikta ikkje tilbyr like mykje kulturelt slik som storbyane. Eg prata blant anna med teateret i Molde og Ålesund og spurte kva dei hadde på gong, og om det var mogleg å følgje med på dei, men då var dei ærlege og sa at dei ikkje hadde noko å tilby, fotel han.
Fordelar og ulemper
For å gjere det betre for studentane har løysinga vore å slå saman dei ulike klassetrinna. Johannes fortel om ei positiv oppleving rundt dette, sjølv om det til tider har vore vanskeleg å kome inn i eit klassemiljø som allereie er godt etablert.
– Ein jobbar uansett saman på tvers av trinna, så det er ikkje slik at ein ikkje hadde sett kvarandre eller jobba saman om ikkje klassane vart slått saman. Ein vert godt kjent, og har revyar og prosjekter saman. Dette har vore utruleg positivt.

Maria Norbeck (26) går sitt andre år på skodespel- og scenekunst. Ho og Johannes har blitt godt kjent etter dei slo saman klassane, i tillegg har Maria vore med å leia vekerevyen der Johannes har vore skodespelar. Maria fortel om like opplevingar som Johannes.
– I vår klasse er vi seks studentar. Det har vore både fordelar og ulemper med at vi har vore ein liten klasse. Fordelen er at vi har blitt godt kjent med kvarandre. Ulempa er at det vert lite variasjon i kven ein jobbar saman med.
Maria beskriv det som eit godt tiltak å slå saman dei ulike klassane. No har dei blitt åtte studentar etter dei vart slått saman. Men ho erkjenna at det kan verke spesielt utfordrande dersom ein er den «yngste klassen».
– Nokon har allereie lært meir enn andre, så ein stiller litt forskjellig. Nokre gonger går vi gjennom ting vi har vore gjennom før, men som 1.klasse ikkje har høyrt om endå. Så for nokre kan det av og til bli ein del repetisjon medan for andre kan det vere noko dei aldri har lært om.
Vurderar å flytte
Maria og Johannes er spesielt einig om ein ting. Dei ynskjer eit endå større fokus på delen som omhandla det å vere skodespelar.
– Personleg saknar eg det med reint fokus på meg som skodespelar, men det igjen er at skulen sin teaterlinje er kjent for å vere ein brei utdanning, du vert ikkje rein skodespelar men ein scenekunstnar, du får ferdighetane til å både skrive manus, og spele det, samtidig kunne litt det tekniske bak eit teater, fortel Johannes.
– Eg føler at for nokon er det ein fordel med bred utdanning, men for andre ikkje. Eg skulle ynskje vi gravde litt djupare, for no skraper vi veldig av overflata på ting vi lærar. Så skulle eg ynskje at linja var meir spissa inn mot ting, fortel Maria.
Resultatet av dette er at dei begge no sterkt vurdera å flytte til Oslo for å gå på dei store skulene og fordjupe seg enda meir i skodespelrolla.
– Eg vil gå dei studia som er litt meir skodespelerretta, som spissar seg meir inn på skodespelar delen. Og så føler eg Volda vert litt lite, det skjer litt lite. Eg saknar å vere i Oslo og vere nærare familien min, fortel Maria.
Høgskulen svarar
Leiinga for scenekunst og skodespel ved Høgskulen i Volda takka nei til intervju. I staden fekk vi svar på mail frå Vibeke Preus, førstelektor på institutt for teater. Ho fortel i mailen at heile universitets og høgskulesektoren har hatt ein nedgang i søkare til estetiske fag.

"I ein artikkel i Khrono våren 2024 vart det hevda; «- I ein situasjon der studentane er usikre på kva dei går til om dei vel praktiske og estetiske fag, vel dei gjerne heller eit tryggare alternativ"
Ho meiner dei har gjort mange tiltak for å gjere tilbode meir synleg og tydeleg i år. Blant anna har dei tilsett studentar til å lage innhald for sosiale medier, besøkt vidaregåande skuler i fylket og bytta namn på studiet.
"Fram til i år har studiet hatt navnet Bachelor i teater og drama og Årsstudium i teater og drama. I januar i år fikk vi nye namn: Bachelor i skuespill og scenekunst, og Årsstudium i teaterproduksjon. ... Vi endra namn på studia våre, slik at det skal vere tydeligere kva studiene fokuserar på."
Preus peikar på at eit lågt antal studentar kan ha sine fordelar. Ho fortel om eit år med meir arbeidsrelevant undervisning, noko som har vore lettare å få til no når dei er færre i klassen. I tillegg har dei jobba med å få til fleir besøk av folk i bransjen, for å gje studentane ein moglegheit til å skape nettverk.
"Det er ikkje nødvendigvis størrelsen på klassene som betyr noko, eit teaterensemble er ofte 3-5 personar. ... Ein stor klasse med mange små klikker kan vere like utfordrande, og det kan vere vanskeleg for studentane å bli synlege. I små klasser får dei tett oppfølging og moglegheita til å delta i mange prosjekt, og dermed lære mykje."