SNART: Slik blir programmet for den eldste festivalen for norsk dokumentarfilm.

Dokfilm 2025 er rett rundt hjørnet!

Publisert

Denne våren er det igjen duka for Dokfilm, den største og eldste festivalen for norsk dokumentarfilm. Heilt sidan 1997 har den vore arrangert i Volda, og studentar er drivkrafta bak. I år går festivalen av stabelen frå 4-6.april, og vil føregå både på Rokken og i den splitter nye kinosalen på Samfunnshuset.

Erle og Fanny sit i Dokfilm styret og har fått rolla som programansvarlege. Saman med resten av Dokfilm-styret og andre frivillige studentar, har dei sett 60 dokumentarfilmar dei siste vekene. No har dei plukka ut 29 dokumentarar dei meiner er dei beste.

– Det er ein festival for både filmentusiaster og ikkje-filmentusiaster. Vi har samla dokumentarfilmar for ein kvar. Om du elskar dokumentarar eller ikkje, trur eg alle kan få ein god oppleving og sjå ein film dei likar, fortel Fanny.

Det er spesielt to dokumentarar dei to jentene gler seg til å vise, og ikkje minst sjå igjen.

– Vi skal blant anna vise ‘’No Other Land’’ som har vunne ein Oscar. Fighter er også ein god dokumentar. Den handlar om Geir Kåre Nyland som etter eit katastrofalt stup vart lam. Der får vi følgje heile rehabiliteringsløpet hans. Den fekk verkeleg vekka sterke kjensla. 

Det vert også besøk frå nokre av dei ulike filmskaparane som får vist dokumentaren dei har regissert.

– Det er det eg gler meg mest til. Vi skal ha QnA´s og panelsamtaler knytt til filmane, så det vert spennande å sjå engasjementet frå publikum. 

AKTIVITETER: Det er ikke bare dokumentarfilm man kan forvente.

I tillegg vert det delt ut fire prisar under festivalen – beste lange dokumentar (Gullfluga), beste korte/mellomlange dokumentar (Ildfluga), beste studentproduksjon (Nymfeprisen) og publikumsprisen.

Til dei som enno er usikre, kan jentene fortele at det vert meir enn berre dokumentarfilm.

– I teltet vil det vere mykje aktivitet og tid til mingling. Vi skal blant anna ha komikveld, «DokDans» og stand-up, fortel dei ivrige jentene.

Powered by Labrador CMS