Det søte liv til sjøs
– Eg likar at ting er litt mindre komfortabelt, at ein må gå ut for å hente vatn eller andre ting. Då set ein meir pris på det ein allereie har, fortel Mina Dahl 22 år.
I sommar segla ho frå Oslo til Volda i sin nye flytande hybel. Etter ein lærerik sommar med lange turar og motorstopp har ho lagt til kai ved sentrumshamna i Volda. No går ho eit årsstudium i friluftsliv ved Høgskulen, og er blitt godt vand til å bu i både seglbåt og telt.
Bitt av basillen
Mange lurar nok på kvifor nokon vel å busetje seg i seglbåt framfør ein “vanleg” hybel. Båtplass i sentrumshamna kostar berre 400kr i månaden. Likevel var det ikkje økonomien som spelte noko rolle i valet til Mina. I 2.klasse på Vidaregåande skule var ho nemleg på utveksling på Skoleskipet Sørlandet. Det var slik ho vart bitt av basillen, fortel ho.
– Seglturen starta rundt norske kysten, der fekk vi ein del undervisning og opplæring. Dermed var vi klar for å setje kursen vidare rundt Europa og så til Karibien. Før og etter undervisning hadde vi to timers skift både på dagtid og nattestid. Det var lange dagar og mykje å drive med. Det var heller ingen tid for feriar, så turen var lagt opp slik at dei kunne få møte familie ved ulike hamner rundt på reisa.
– Vi skulle besøke foreldra våre i New York to dagar før nedstengiga skjedde. Plutseleg fekk vi beskjed om at vi ikkje kunne dra dit likevel grunna corona. Då hadde vi vore utan nett ein god stund, så vi ante ikkje at corona var ei greie ein gong. Då vart det ganske dårleg stemning på båten. Vi segla så til Bermuda og var der i 6 veker i karantene før vi segla heim til Noreg.
Utfordringar
Sjølv etter eit heilt år på skuleskipet vart ikkje Mina lei av livet til sjøs. Ho stortrivast i sin nye heim, sjølv om det til tider har vert utfordrande.
– Det her kjennast ut som ein vanleg hybel for meg. Men det er klart eg kan sakne å ha innlagt vatn, så eg kan dusje og bruke oppvaskmaskina her inne. Men, det er både positive og negative sider. Det er jo difor eg fortsett bur her.
Vinteren er rett rundt hjørnet og med det kjem nye utfordringar. Men i seglbåten ved sida av, har ho fått seg ein trufast nabo som er flink å hjelpe ho dersom ho treng det.
– Naboen seie eg må forberede meg på vinteren. Alt vert vanskelegare og tøffare. Det vert kaldt, for å sei det slik. Men eg har verkeleg lyst til å klare å bu her eit heilt år, så målet er å overleve vinteren.
Seglbåt = luksus
Til tross for utfordringane dette eventyret har bydd på, er Mina fornøyd med valet ho har tatt.
– Det handlar om korleis ein samanliknar det. Når ein går studiet eg går, friluftsliv, er man vandt til kalde netter ute i telt. Så når eg kjem tilbake til seglbåten etter fleire dagar på tur, vert seglbåten luksus, med varm dyne og komfyr. Så sjølv om det kan vere kjipe tider, der eg skulle ynskje eg slapp å gå ut for å hente vatn, så lærar ein å setje meir pris på det ein allereie har.
Det kan verke skummelt og vanskeleg å bu i seglbåt, men Mina vil anbefale andre studentar å prøve det same.
– Likar ein å fikse på ting eller halde på med ulike prosjekt, trur eg ein hadde synes det var veldig kjekt. Til tider vil det vere negative opplevingar, men det vil verke positivt i det lange løp. Ein lærar utroleg mykje!
– Kva er neste steg?
– Først og fremst vil eg overleve vinteren. Men draumen er jordomsegling, det står på bucket lista!
Etter besøket hjå Mina må journalisten innrømme at ho vart litt inspirert og freista til å prøve det søte liv til sjøs. For ein friheit det er at ein berre kan segle avgarde om ein vil! Sjå for dykk alle turane ein kan gjere saman med vennegjengen sin!